
Hallo! Har hekla glassbrikker eller koppebrikker passer vel heller å sei her. Har hekla dei etter mønster eg fann inne hos Du store alpakka, har hekla dei i mandarin på nål nr 4. Det var eit anna garn som skulle brukast men "man tager hva man haver" og det var dette garnet.

Det er greit å ha slike brikker til å ha under kopper og glass når ein ikkje er så flink til å bruke duk! Så fekk eg no vist fram koppane mine og, dei kjøpte eg ein gang eg var på Røros. Kjøpte berre 4 kopper den gangen, trudde jo då at eg skulle få tak i fat til dei seinare. Men slik vart det no ikkje, liker veldig godt desse her koppane. Trur eg har litt "dilla" på keramikkopper, he he:)No er det frihelg og det er deilig , eg koser meg med å sitje lenge oppe og putle med handarbeid. Ute har det begynt å regne så no er vel finværet over for denne gangen. Ha ei flott helg folkens:))