mandag 11. juni 2012

Kortermet trøye

Her kjem ei lita trøye  som eg har strikka til Selmamor som var 2 år på lørdag og denne var ein del av gaven som ho fekk. Den er strikka etter mønster frå mandarin barn 1204 men då det ikkje var mandarin å få tak i der eg var har eg strikka den i duo og resultatet vart bra. No er helga over igjen og det har vore ei helg med flott vær så det har gått an å kose seg ute i sola, herlig!! Ønsker alle ei riktig så fin veke:))

fredag 1. juni 2012

Mariusgenser

Hei,hei, ja no er det helg igjen og vi er komen i juni, heilt utruleg kor fort tida går. Her er ein del omveltinger for tida med jobb og diverse så det er vel litt av grunnen til at eg ikkje er så flittig på blogginga:)) men no har eg iallefall strikka ein Mariusgenser i sisu og mønster frå klassikere temahefte 15 sandnesgarn. Det er ei niese av meg som skal ha denne og eg er litt spent på om den passer, den er ihvertfall ikkje for liten:))Viss den ikkje passer får eg ha den sjølv for den er akkurat passe til meg.... No er det helg og eg set å lader opp til arbeidshelg.  Håper de alle får ei finfin helg:))