torsdag 21. juli 2011

Feriestrikk

Ja no har det vore lenge stille her på bloggen min, men no er ferien over og kansje det vert litt meir aktivitet... Her er iallefall litt av det eg har sysla med i ferien, pinnane har gått jamt og trutt når vi har kjørt. Har strikka fleire smålabber og eit stort par, smålabbane strikker eg av restegarn og einslige smånøster som ligg. Godt å få brukt litt av det!!
Og eit par små votter har det blitt, må nok lage fleire slike.No har eg snart vore i jobb ei veke etter ferien, tungt å begynne på igjen men det går seg til.Fortsatt god sommer og god helg :))

tirsdag 5. juli 2011

Strikkejakke

Hei. Her er det fortsatt ferie og feriemodus, men no er eg ferdig med over halve ferien... Ja,ja ein må berre nyta det mens ein kan og i dag har vi hatt ein skikkelig flott sommardag, herlig!!!
Så har eg endelig fått gjort ferdig jakken min som eg starta på for godt over eit år sidan, så den har jo vore ufo ei stund. Veit ikkje kvifor den vart lagt til sides for det var ikkje så mykje som mangla men no er den ferdig og eg vart fornøyd med den:)) Den er strikka i sandnes tynn alpakka 0g mønsteret frå sandnes mix dame nr 0911. Ha ein fortsatt god sommer alle sammen:))