lørdag 25. september 2010

Lue

I dag har vi hatt eit nydelig vær her i vest og då passa det fint å få tatt utebilder, har til og med sete ute å strikka i dag:) Har strikka Intuitive lue til store jenta mi (eldste barnebarnet), såg denne lua på Kristines blogg og synest den var så fin. Har strikka den i Silkroad DK Tweed og blanda i ein sølvtråd men den vises ikkje her på bilde. Har ikkje brukt dette garnet før men synest det var veldig godt å strikke med:)
Så har eg strikka to nye kjøkkenkluter i Gjestal bommul sport, desse har vore ferdige ei stund berre mangla fastmaskekanten rundt og det fekk eg gjort ute i sola i dag.Ynskjer alle ein fin laurdagskveld:))

mandag 20. september 2010

Hentesett

Har strikka hentesett til den vesle som skal koma om vel ein månad. Det er strikka i Sisu og mønsteret på jakke og bukse er frå boka Myk start , lua er lettstrikka lue frå Strikk til nøstebarn.
Babyborn fekk vera modell for lua, den er litt romsleg til den så eg håper den kan passe ein nyfødt. Strikka den i str. 0-3 mnd så den bør passe, viss ikkje må bestemor strikke ny:)
Jakka bar navnet gammeldags omslagstrøye jakka og buksa er også i str 0-3 mnd.
Så mangler det berre å strikke labber men nok ein gang gjekk eg tom for garn og dei var utsolgt på garnbutikken:( Så då er det ikkje anna å gjere enn å vente til dei får inn nytt.Har brukt nøytral farge som passer til både jente og gutt då vi ikkje veit kva som kjem.... Vil få ynskje alle ei fortsatt god veke:))

mandag 13. september 2010

Bestemorteppe

Hei. Her har ikkje vore så mykje verken strikking eller blogging i det siste, har vore opptatt med bursdagsfeiring, tur og barnedåp!Men no har eg fått strikka ferdig teppe til det nye barnebarnet som er venta til verden i månedskiftet oktober/november.
Har brukt bestemorteppe mønsteret frå boka Myk start og har strikka det i mini duett, det vart mjukt og godt. Har strikka eit slikt teppe før men den gangen i alpakka, det vart fort stygt i vask:)Forrige onsdag reiste vi på storbyferie til Riga, vi hadde nokre flotte dager der..
Her set damen og koser seg i sola med ein kaffe latte og livet er herlig:))Var heime igjen seint laurdagskvelden og søndag var det vesle Selma som skulle døypast. Vi hadde ein fin dag i lag med familien ,masse god mat og sosialt samvær:))Så må eg få takke for alle koselige helsinger på forrige innlegg, ha ein god kveld!!

fredag 3. september 2010

Bolero og blomster

Ja no er boleroen min endelig ferdig, gjekk jo tom for garn og når eg skulle kjøpe meir var dei utsolgt i butikken. Men i går fekk eg tak i eit nøste til, så i dag har eg fått strikka den ferdig. Den er strikka i Drops Kid-Silk og mønsteret kan du finne her, den var grei og kjapp å strikke.
Har planlagt at eg skal bruke den i morgon , så jammen på tide at den vart ferdig.
Det har seg nemlig slik at eg fyllte 50 år i går og skal ha feiring i morgon:) Og i den anledning måtte eg berre ta med litt bilder av alle dei fine blomstene eg fekk!
Når eg ser på alle dei blomstene får eg litt assosiasjoner til at det er gamle damer som får så masse flotte blomsterhelsinger til dagen sin, men så ser eg ingen gammel dame her..... Trur det var før i tida det var sånn!
No trur eg at eg må hive meg på kakebaking må jo ha litt å servere når ein skal ha selskap! Men eg slepp no å lage så mykje sjølv, har datter, svigerdøtre og svigermor som har tilbydd seg å bake så eg er heldig!! Så vil eg takke for koselige kommentarer som eg får og ønske alle ei riktig så fin helg:))