
Hei, ja no kjem første innlegg i 2010, har gått litt tregt med meg i starten av det nye året. Først eit pannebånd strikka i Karisma på pinner nr 4,5, mønsteret er frå drops.Hadde ikkje noko modell tilstades så derfor måtte eg bruke ballen, "man tager hva man haver..."

Så to par av dei vanlige vottane også denne gangen strikka i Finull, synest det er eit supert garn og strikke av og å tove.Det eine paret er mitt og det andre er bortbestillt.Det eine paret ser veldig stort ut men det er nok bildet som lyg for dei er like store.

Og til slutt eit par tøfler som er hekla i Easy med ein rest av fritidsgarn, dei er og tova. Mønsteret fann eg hos
mirre virre, synest ikkje eg vart heilt heldig med dei... Originalen var mykje finare:)) Men fekk no brukt litt av garnet eg har hatt liggjande:)) Elles har eg hatt ei fin frihelg, har hatt barnebarnet mitt på 4 år på besøk sidan torsdag, veldig stille no når ho har reist heim!! Ute er det jo eit nydelig vær med sol, snø og masse kuldegrader. Så bestemor har fått prøvd både ski og akebrett, morro!! Ha ei fin veke folkens:))