mandag 28. februar 2011

Julegavesamstrikk

Som mitt bidrag til julegavesamstrikken i februar har eg strikka A`almanakks sine ribbevotter. Har strikka dei i Viking babyull, første gang eg prøver det garnet. Det var godt å strikke med, veldig mjukt og godt men korleis det er i bruk aner eg ikkje. Vottane var kjapp og grei og strikke og kjennes utrulig behagelig ut å ha på!!
Styrer litt med denne dataen i dag, plutselig vert det alt for store bokstaver og bildene får eg ikkje der eg vil.... men det får no berre vera slik.
Har fridag etter arbeidshelg i dag og ute skin sola, då kjennes livet ikkje så verst ut!! Får besøk av eldste barnebarn ein tur i dag og det vert kjekt!! Ynskjer alle ei riktig så god veke:))

fredag 25. februar 2011

Bambigenser

Hei, ja her kjem ein liten Bambigenser som er strikka etter mønster frå Sisubarn hefte 1101 og selfølgelig strikka i sisu. Den er strikka i str 1 år og då går det fort å strikke, har planer om å lage bukse og lue til men då genseren vart litt stor så har det ingen hast med resten. Vi får no sjå til høsten ein gang....
Som de ser frå bildene så hadde vi litt snø her i går men i dag er det regna og blåst vekk. Skikkelig surt og guffent ute i dag og etter meldingane å dømme ser det ut til at det er slik det skal vere i helga:) Eg skal jobbe så eg hadde no ikkje fått nytt noko finvær uansett... Ha ei flott helg :=)

onsdag 23. februar 2011

Tova votter

Hei igjen, ja no er det lenge sidan eg har hatt aktivitet her hos meg!! Har no strikka litt men det går tregt å få blogga noko ferdige produkt, men det vert vel betre om ei stund.. Mormorgutten min hadde bruk for votter og då måtte pinnane fram for å lage votter til han!! Og når ein først er i sving er det for gjort å lage eit par ekstra, alltid godt å ha litt på lur.
Elles er her surt og kaldt vær, fin sol men ein isande vind som går gjennom marg og bein!! Men men det er berre å kle seg godt så ein slepp å fryse. Ønsker alle som titter innom ein fortsatt fin kveld:))

søndag 6. februar 2011

Setesdalsgenser

No er eg ferdig med Setesdalsgenser til barnebarnet på 12 år.Den er strikka i sisu i str xs og mønster fra eit sandneshefte som heiter klassisk strikk ( trur eg). Vart i grunnen veldig fornøyd med den.
dette vart berre nokre ord i full fart, eg har arbeidshelg og då er det ikkje mykje tid til blogging:)) Ha ein god dag alle sammen!

torsdag 3. februar 2011

Aperangle

Her kjem to små Aperangler eg har hekla . Mønsteret er frå kaptein biff , har brukt restegarn i bomull. Mesteparten av garnet er gjesdal bomull sport. Skikkelig artig å hekle desse små apene og dei havner nok hos to små jenter eg kjenner:)) Kjem sikkert til å lage fleire slike, iallefall minst ei til .... Så må eg få ynskje god helg til deke:))

tirsdag 1. februar 2011

Genser og bukse

Har strikka ferdig sett med genser og bukse til Hermanngutten, han hadde 2 års dag i går. Settet er strikka i dale babyull og mønsteret er frå strikkedesign til baby, dalegarnhefte nr 218.Strikka det i str 2år, eit kjekt strikketøy.

No har vi skikkelig Vestlandsvinter med regn og vind, eg skulle no ønske at det var kaldt og snø men fordelen er at det ikkje er glatt på veien:))Ynskjer all som titter innom ei finfin veke!