fredag 30. april 2010

Babysett

Hei. Endelig ferdig med babysett til den nye veslejenta (barnebarn) som er venta til verden i sommar.Settet er strikka i DMC Petra bommulsgarn på pinne nr 3. Mønsteret er henta frå DMC sitt strikke og heklehefte.
Omslagsjakke strikka i eit fint men ganske tidkrevande mønster.
Buksa gjekk litt kjappare å strikke då den er nesten berre rettstrikk.
Så til slutt ei lita lue. Synest settet vart fint men det mangler fortsatt labber, må vel prøve å få strikka det og! Har holdt på med dette ei stund for eg har måtta ha litt anna småarbeid innimellom.. No er det helg og eg har fri, herlig:)) Berre finveret som mangler, men ein gang må vel det komma og!! Vil ynskja alle ei riktig fin helg:))

Gevinst

Eg var så heldig å vinne i Mirrevirre sitt lotteri, så eg fekk fin pakke i posten. Der var det denne flotte sminkepungen/ toaettveska i, og inni veska låg det flott garn!!
Har ikkje prøvd nokon av dei garnsortane før så det vert spennande å teste dei. Har ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke dei til, må nok tenke litt på det... Men iallefall Tusen Takk til Mirrevirre for flott premie!! Ha ein fin dag:))

fredag 23. april 2010

Tøfler

Hei og God Helg til deke! Har hekla eit lite par Hexagon Tøfler etter oppskrift som eg fann her , har brukt restegarn i forskjellig tynt ullgarn på heklenål 3,5. Dei vart ca 1 års størrelse, veldig kjekke å hekle . Har ikkje nokon bestemt mottakar så dei vert lagt på vent.
Her er det berre eit par grader og det hagler ute så det fine vårværet lar vente på seg!! Men eg har frihelg og det er fint innevær så eg skal nok finne på noko å kose meg med likevel, litt handarbeid kansje.... Har hatt problem med intenett forbindelsen siste veka og det er utrulig kjedelig men no trur eg at det er i orden, funker iallefall akkurat no:) Ein flott dag til deke alle !

mandag 19. april 2010

Barnegenser

Hei. Har no strikka genser til vesle bestemorgutten min, genseren er strikka i Lerke på pinne 3,5 og mønsteret er henta frå Dalegarn sitt hefte nr 212. Har brukt fargane som var i mønsteret, synest dei var friske og fine. Det viste seg no når han fekk den at den ikkje var meir enn akkurat passe, litt dumt men han får no berre bruke den no når han kan.
Eg har fridag i dag og det er supert for eg har jobba i helga. Ute er det kaldt, nesten litt vinter igjen var -3 grader i går kveld når eg kom frå jobb. No vil eg ha sol og varme, kjenner at eg treng det.......Elles går det i babystrikk for tida og det er så tynn tråd at det tar litt tid! Så derfor må eg ha litt kjapp strikk innimellom. Takk for alle koselige kommentarer på foregåande innlegg og så ynskjer eg alle ein flott dag:))

onsdag 14. april 2010

Babyteppe

No har eg hekla babyteppe eller vognteppe( kan nok brukast til begge deler) til det nye barnebarnet som skal koma til sommaren. Har brukt alpakka garn frå Sandnes og mønsteret er frå sandnes sitt temahefte nr 21 som har navnet "det første året", mykje fint i det heftet. Teppet måler ferdig 98x72 cm, synest sjølv det vart fint. Men dei vordrane foreldre har ikkje sett det enno så eg er litt spent på om dei liker det:)
Elles så har vi vår i dag, strålande sol, så i dag har eg kunna sete ute å kost meg med handarbeid. Det går an når ein set ein lun plass men elles så er det litt kald vind. I morgon er det meldt snø...... men dei har no meldt feil før og! Ha ein flott ettermiddag og kveld:))

tirsdag 6. april 2010

Nøstebarntrøyer

Hei, ja no er påsken og fridagane over for denne gang, har allereie hatt to vakter men det går no greit når ein først er i gang. Har ikkje vorte strikka så veldig mykje i påska men litt har det no blitt. Har strikka to små nøstebarntrøyer i totråds merinoull frå nøstebarn og mønsteret er henta frå boka med samme navn.
Har brukt pinner nr 3 på den minste og den er vel ca nyfødt til eit par mnd. Den andre brukte eg pinne nr 4 og den er vel ca 3-6 mnd, dette var eit kjekt arbeid så det blir nok fleire slike. Ute stormer og blæs det voldsomt i dag men ikkje så verst temp. er våren her snart no kansje? Elles har eg diverse arbeid på gang, men når ein held på med mange arbeid så tar det tid før det vert ferdig:)) No er det seint og eg skal tidleg opp så det er vel lurt å finne køya snart. Ha ei fortsatt fin veke alle sammen:=)