fredag 31. desember 2010

Babystrikk

Ja her er det litt meir heimestrikka julegaver som blei gitt vekk til jul, desse var det dei to minste i familien som fekk. Det øverste settet er strikka i lanett(trur eg), mønsteret til buksa er satt saman av litt ulike mønster. Lua er frå nøstebarn og sokkane litt fri fantasi med utgangspunkt i drops sitt mønster.
Dette settet her er strikka i sandnes sin alpakka, mønsteret til jakken er henta frå sandnes sitt hefte 1010 og skulle strikkast i kashmir alpakka.Lua og sokkane er av same sort som bilde over. Fargane er ikkje heilt riktige, det som ser kvitt ut her er lys rosa i virkeligheten. Ja no er vi komen til årets siste dag og det er på tide å ynskje alle eit GODT NYTTÅR OG TAKKE FOR DET GAMLE!! Værgudane er ikkje heilt med oss i dag, for ute er det grått og regn:( Men det er no eit fint vær til å kose seg inne... Ha ei flott nyttårsfeiring alle sammen:))

mandag 27. desember 2010

Heimestrikka julegaver

Hallo og fortsatt God Romjul til deke alle. Her har det vore ei fin men travel julehelg, så bloggeing og bloggbesøk hos andre har det ikkje vore tid til:) Eg har jobba heile julehelga og då vert det ikkje rom for så mykje anna men så ser eg fram til nyttårshelga med tre fridager, herlig.... Så vil eg jo vise fram litt heimelaga julegaver, øverst her er det puls og leggvarmere frå Sandnes sitt tilbehørshefte, det er strikka i alpakka og var til barnebarnet på 5 år.
Så er det ei monsterbukse som er strikka i falk, mønsteret fann eg på bloggen til Du bedåre. Så strikka eg eit par små votter av restegarnet og dette var det vesleguten på snart 2 år som fekk.
Tilslutt her er det jo tovavotter igjen, det er votter som er strikka på bestilling og låg under andre sine juletre. Har litt fleire gaver som eg vil visa i seinare innlegg. Vi har eit fantastisk vær denne jula, kaldt men med sol og vindstille, synest det er heilt supert.. Ynskjer alle saman ein flott dag:))

søndag 12. desember 2010

Engler i snøen

Ja her er resultatet frå englelaginga mi, vart egentlig ganske fornøyd med dei. Det er jo første prøven for meg med glasskjæring. Litt rart med rødt hovud på den blåe engelen men eg veit ikkje kva som skjedde under brenninga.. Eg hadde nemlig brukt blankt glass med litt blåskjær i og når den kom ut av ovnen var den blitt raud.
Blei nok mest fornøyd med denne her, dei er jo finare når dei heng oppe, helst i eit vindauga!! No er det under to veker til julaftan, utruleg kor fort tida går!! Så no er det vel berre å skunde seg og komme i gang med dei siste juleforberedelsane.... men det er no litt tid igjen enno!! Ha ein fin og god adventssøndag:))

onsdag 8. desember 2010

Lue og pulsvarmere

Hei. Ja no har eg strikka lue og pulsvarmere til eldste barnebarnet som snart vert 12 år, ho skal få det i lag med bursdagsgave. Mønsteret og farge har ho fått valgt sjølv. Lua er strikka i dobbel tynn alpakka frå sandnes og mønsteret frå hefte 1010. På pulsvarmerene har eg brukt vanlig sandnes alpakka og mønster frå temahefte 22 sandnes tilbehør. Så får eg håpe at det passer og fell i smak.
Det vart eit utebilde og eit innebilde, litt artig å sjå kor ulike bilda vert om ein tek dei ute eller inne. Fortsatt full vinter her , i dag laver snøen ned og det er skikkelig julestemning. Elles så går det mest i jobb og strikking her hos meg, har litt eg skal ha ferdig til jul, litt seint ute kansje...... Skal på jobb i ettermiddag så då gjeld det å nytte formiddagen til å få ferdig saker og ting! No hørest det sikkert ut som om at eg stresser fælt men det gjer eg ikkje, eg koser med med alle førjulssysslane mine!! Ha ein fin dag:))

mandag 6. desember 2010

Labber

Eit lite labbeinnlegg atter ein gang, det er jo høysesong for labber no. Dei rosa har eg strikka mange ganger før og mønsteret er fortsatt frå boka Myk start og garnet er baby merino ekstra fine. Dei blå er berre heilt vanlege labber strikka etter hodet og har brukt Regia silk garn. Har ikkje brukt Regia silk garnet før, synest det var eit veldig godt og mjukt garn. Som de ser så har vi vinter med snø og det er mange kuldegrader så no er det godt med varme labber! Elles så er det travle dager med jobbing, julegaver og anna" julestyr", i går var eg hos naboen og laga glassengler. Dei er ikkje ferdig brent enno så er jo ikkje sikker på resultatet, vert spennande å sjå når dei kjem ut av ovnen. Skal visa bilde seinare viss dei vert vellykka:)) Ynskjer alle ei fortsatt fin og god adventstid:))