onsdag 14. mai 2014

Rilletrøye




Rilletrøye strikka i mandarin medi str. 18 mnd. Mønster frå Babystrikk på pinne 3 og denne har veslegutten ( yngste barnebarnet) fått og den passa fint. Den var enkel og grei å strikke og synest gutten blei fin i den:)Så vil eg få ønske alle ei fin 17 mai helg!!

torsdag 8. mai 2014

Bommulsjakke








Har strikka jakke i pt pandora og mønsteret er henta frå Pt design sin katalog Nr 124. Det er jakke til ei lita frøken som har bursdag snart, la opp i 4 år men har strikka den ein god del lengre. Så da er det berre å håpe på at den passer og at den fell i smak.... Så er det vel berre å strikke i vei på neste prosjekt:))

tirsdag 6. mai 2014

Mauna kjole






Har strikka Maunakjole til eit av barnebarna, har fleire den kan passe til. Strikka den i duo garn, såg den på bloggen til litlokalen.wordpress.com. Synest den var så fin at eg berre måtte strikke den:)) Trur nok at det vert fleire slike kjoler...