lørdag 25. juli 2009

Grytekluter

Hei hei no er eg her igjen, ferien er over og eg har begynt på jobb igjen.
Det har ikkje blitt så mykje strikking i ferien men litt har eg no putla med:) Har strikka grytekluter og vaskekluter, dei er strikka i tuva på pinne nr4. Her er to sett heldt på med det tredje.
Har hatt ein fin ferie med stort sett fint vær, men handarbeid har det ikkje blitt så mykje tid til men satser på å koma sterkare tilbake no når kvardagen er her igjen:)Håper at de alle har hatt eller har ein fin ferie, og fortsatt god sommar til alle! For det er  SOMMAR leeenge enno:) :)

fredag 10. juli 2009

Laila`s socks

Har strikka Laila`s socks frå boka Folk Knitting in Estonia av Nancy Busch. Dei er strikka i silja garn på pinner nr3 , det var eit greit mønster og det er fortsatt mykje eg kan tenke meg å strikke i den boka.

Her er eg klar for fjellturer ser de, håper det vert litt av det i neste veke!


No vert det stille her på bloggen min ei vekes tid, for no reiser me på ein liten tur med telt og sovepose:) Gleder meg for eg liker campinglivet , det er alltid kjekt å komme vekk litt og oppleve litt anna enn det ein gjer i kvardagen! Ynskjer alle sammen ei God Helg og masse fint vær:)

torsdag 9. juli 2009

Noa Noa skjerf

Har hekla eit Noa Noa skjerf som eg fann mønster på i bloggen til Bente B.Det er hekla i mandarin petit på nål 3,5. Bilde vart ikkje så klart så perlene midt i blomstene kjem ikkje skikkelig fram.No får eg samtidig vise fram dei fine blomstene eg fekk hos min datter i dag.

Så eit bilde på litt meir nøytral grunn,litt kjedelig kansje men men.Her er eit bilde av ein gjest vi hadde nesten oppe på trappa vår seint i går kveld:)Synest han eller ho var ganske fin, men sikkert ganske redd for han låg samankrølla lenge før han tusla sin veg.
No er eg snart ferdig med to veker av ferien, utruleg kor fort tida går! Har hatt fint vær heile tida og enda har eg ei veke til:-)Takk for koselige kommentarer,det er kjekt med tilbakemeldinger!

mandag 6. juli 2009

Gjestehandkle

Hei hei, det har vore stille her hos meg ei lita stund no, eg har vore vekke nesten ei veke. Har vore på tur i lag med alle tre barnebarna pluss min datter og co. Så det har vorte lite gjort på handarbeidsfronten, har ikkje hatt tid:)

Men eg har no laga eit lite gjestehandkle, inspirert frå Tino men med litt egen vri på det. Har brukt Tuva garn og det er litt strikking og litt hekling. Første gang eg prøver tuvagarnet, ikkje så verst men kansje litt vel "mjukt" men det kjem jo an på kva ein skal lage. Elles har vi hatt flott sommervær ei god stund no, i dag er det overskya men varmt likevel! Fortsatt God Sommer til alle som titter innom:)