mandag 29. november 2010

Julemesse

Her er eit bilde frå årets julemesse, det er min datter som set og sel her. Det var masse folk og salget gjekk godt, så eg synest det var ei vellykka messe. Så no er det julegaver på pinnane så det vert ikkje så mykje å vise fram her enno.Ynskjer alle ei fin veke:))

onsdag 24. november 2010

Votter og nisser

Hei. Ja her kjem fleire kjenninger, nemlig tova vottene mine som eg har strikka veldig mange av og som har vore i bloggen min mange ganger før.
Så nisser det seg til her hos meg, synest det er kjekt å ha med nokre nisser når eg skal på messe. Ikkje at det er så veldig rift om nissene men eg synest det er så koselig med litt nisser innimellom votter og labber. Vert no alltid kvitt dei i etterkant, fine små gaver:)

Det er vel det øverste bildet som har dei rette fargane men synest det var litt greie når dei klatra i trærene. Vi har eit nydelig vær her på vestlandet for tida, kaldt og strålande sol iallefall akkurat no!! Skal til bergen på besøk til ei venninne i kveld og det vert veldig kjekt! Trur kansje eg reiser litt tidligre og stikk innom til min datter og! Så vil eg ynskja alle sammen ein fin dag:))

mandag 22. november 2010

Labber

Dette er eit reint labbeinnlegg, det vert ein del av det her hos meg. Liker igrunnen godt å strikke labber, øverst er det eit par barnesokker i ca str 29-30 strikka i Viking sportsragg på pinne 3,5.Har tatt utgangspunkt i epletreets snurrige sokker og laga det om til barnesokker.
Så er det gjengangerene mine då, dei treng eg vel ikkje sei så mykje om, ikkje anna enn at eg liker å strikke dei men det er vel soleklart sidan eg strikker så mange slike. Desse para skal vere med på julemesse, elles så strikker eg ein del slike på bestilling. Ha ein finfin kveld:))

torsdag 18. november 2010

Julekuler

Ja no har eg kasta meg på bølgen med julekulestrikk, har nok blitt påvirka av å sjå alle julekulene inne på diverse blogger. Eg synest det var veldig kjekt å strikke dei så her vert det nok laga fleire.... Dei er jo sjølvsagt strikka etter Arne&Carlos sitt mønster, desse tre øverste er strikka i tynn alpakka frå dsa. Garn eg har hatt liggjande ei stund og ikkje visst heilt kva eg skulle bruke til.
Den nederste her er den første eg laga og den er strikka i tove garn, veit ikkje heilt kva garn eg synest blei finast... Den første eg strikka er allerede gitt vekk. No skal eg ha ei veke ferie og det er godt å tenke på, kanksje eg kan få unna litt julestyr.... skal iallefall få vaska og pynta litt til advent og så kanskje strikka litt eller masse?? God kveld ønsker eg alle sammen:))

lørdag 13. november 2010

Nisser


Ja no ser det ut til at Jula nærmer seg, eg har no iallefall starta julenisseproduksjonen. No hørest det ut som om at eg er tenkt å lage mange nisser men det veit eg no ikkje om det vert. Men eg pleier alltid å lage litt sånnt "julepøø" , liker nisser eg! Desse er strikka etter mønster frå KK sitt julehefte frå 2003, har strikka dei ein gang før. Har brukt pt 3 garn til nissane og tove garn til hår og skjegg.
Sjølve nissane er raske å strikke men så er det no litt styr å montere dei for ikkje å snakke om hår og skjegg... Det er strikka i løkkestrikk og det plundra eg fælt for å få til!! Men no er dei ferdige og eg vart ganske fornøyd med dei:) Då gjenstår det berre å ønske alle ei riktig så god helg!

torsdag 11. november 2010

Lue og votter

Har strikka ei lita lue og små votter i str 3-6mnd, mønsteret er henta frå Du store Alpakka sitt hefte Strikk til baby.
Har strikka i Mirasol og hekla kant i faerytale det var eit kjekt og raskt strikkeprosjekt. Garnet er henta frå garnlageret mitt, mirasolnøstet kjøpte eg for lenge sidan for eg hadde lyst til å prøve det. Faerytalen var ein rest etter pulsvarmere eg hekla for lenge sidan.
Så no gjenstår det å sjå om det er nokon av "smågulla" mine som kan bruke det, trur kansje det er passe til den nest minste... Viss ikkje så veks no minste jenta i det. Det er gøy å strikke slike småplagg men eg har ikkje alltid vore heldig med størrelse og passform på luer!! Her hos oss er det surt og kaldt i dag, rundt 0 grader, overskya og vind så det er godt å sitje inne med strikkepinnane:)) Vil få takke for koselige kommentarer, alltid kjekt å få respons på arbeidet sitt.... Ha ein fin dag:))

lørdag 6. november 2010

Småtøfler

Ja i går skjedde det då vart eg Bestemor til ei flott lita jente,nr 5 i rekken av barnebarn. I går kveld var vi på klinikken og såg vesletulla, ho var så skjønn og god og alt var vel både med mor og barn:))Og då passer det vel bra med nokre små tøfler, strikka i tynn alpakka som er restegarn eg har hatt liggjande. Mønsteret fann eg i Strikk til baby, hefte frå du store alpakka.
Så er det eit par leggiser til bestemorjenta på 5 år, ho ringte og ga beskjed om at ho trengte leggvarmere og då måtte eg jo skynde meg å strikke!! Ho fyller fem år i dag så då vert det leggingser i lag med gaven. No heldt eg på å bake kake for når mammaen er på klinikken så må vi andre hjelpe til litt med bakst for bursdagsbesøk skal det bli likevell!! No skal vi snart avgårde i besøk så eg får skunde meg, ynskjer deke ei god helg:))

mandag 1. november 2010

Tøfler

Hei,hei! No har eg hekla eit par tøfler etter mirre virre sitt mønster, har hekla dei i dobbelt Tove garn på heklenål nr 5.Det er eit godt mønster å hekle etter, dei vart vel ca str 39 .Eg synest det tover litt mindre når eg har hekla enn når det er strikk, er det slik eller er det berre eg som synest det? Ha ein fin mandagskveld alle sammen:))