mandag 22. september 2014

Votter

Har strikka votter til storejenta mi(barnebarn) ,ho har sjølv valgt mønster og farger.






Ho har vore på besøk hos bestemor i helga, veldig koselig:)) Eg var så heldig og fekk denne strikkeboka til bursdagen og mønsteret er herifra.mange fine vottemønster i denne boka så det vert nok strikka fleire votter frå denne!!

fredag 19. september 2014

Hue med vri


Har strikka hue med vri etter litlo&kalen sitt mønster,kjekt mønster å strikke!



Har strikka den i drops babyalpakka og kid silk, så den blei mjuk og god. God helg til alle sammen:))

tirsdag 16. september 2014

Marius sokker

Hei! Her går det i labbestrikk , har nett hatt to veker med haustferie og dette er det som har vore på pinnane. Eg liker å strikke labber, kjekt å strikke og kjapt ferdig:)



Har vore på tur til Trysil så eg har ikkje berre strikka, det blei mange fine fjell turer og litt bærplukking. Vi var så heldige å hadde flott vær nesten kvar dag!!No er ferien over og då er det jobbing igjen, men greit det og etter to fine veker:))