Hei! Har strikka to par russesokker igjen , det har blitt ganske mange slike par dei siste åra. Synest det er fine og gode sokker og ikkje minst er dei kjekk å strikke. Har gitt mange slike par i gave og eg har solgt ganske mange, har strikka ein del på bestilling og. Desse er laga i ein blanding av Silja og pt5, strikka på pinne 3,5.
No er jo sommaren snart på hell og det er bruk for varme gode sokker om ikkje så lenge. Men ikkje enno for i dag er det varmt og sola titter fram innimellom. Har hatt nokre dager fri no og det har vore godt!! No er det to dager med arbeid og så er det helg og då skal eg i bryllup til ein nevø, det blir kjekt:) Ha det fint alle sammen!
for én dag siden