torsdag 7. mars 2013

Gensere


Ferdig med to smågensere til, då har dei 5 minst barnebarna fått gensere. Fire av dei har fått Mariusgensere og siste har fått lik pappen sin genser nemlig Cortina genser. Desse to genserene er strikka i str. 4 år og eg har brukt Falk garnet. Vi er så heldig og har så fint vær, synest vi har hatt mykje fint vær i vinter om enn litt meir snø hadde vore ønskelig:)) Men vi har vel ikkje lov å klage når det er opplett og sola skin! Snart på tide å køye så God Natt:))