
Det er midtsommer og eg har ferie men værgudane er ikkje med oss!! Her er det grå vær og regn så då passer det vel bra med litt labbestrikking, vinteren er her før vi veit ordet av det..... Nei no var eg litt vel negativ, eg håper no fortsatt på litt sol og varme!!!!

Har strikka tre par smålabber etter ei rauma oppskrift, har strikka dei i rester av tynnt ullgarn. Og dei to store para er strikka i pt5, dei er vel egentlig meir tøfler enn labber. Elles så er det deilig å ha ferie og berre kunne gjere det ein har lyst til som for eksempel å strikke... og å sleppe å gå etter klokka, det er godt det:))Ynskjer alle ein fortsatt god sommer enten det er sol eller regn:=))