torsdag 27. juni 2013

Kluter.



Her er klutane eg har strikka etter Bittamis design sine mønster, no venter eg på mønster nr3.Veldig fine og greie mønster, ho kan det den damen!! Håper de alle har ein fin sommer enten det er sol eller regn, her er litt av begge deler.... Ha ein finfin dag:)




søndag 16. juni 2013

Babyteppe

Teppe til den nye verdensborgeren som er venta i sommer. Mønsteret er frå garnstudio og garnet er drops babyalpaca silk. Det var eit kjekt mønster å strikke og teppet blei mjuke og godt.


I dag har vi hatt ein flott sommerdag, litt vind men fint likevel.Håper det heldt seg fint nokre dager....Ynskjer alle ei flott veke:)

torsdag 13. juni 2013

Hentesett


Her kjem hentesettet eg har strikka til det nye barnebarnet som er venta i sommer. Mønsteret er henta frå Myk Start og garnet eg har brukt er Drops sitt Baby Alpaca Silk. Har ikkje strikka noko særleg i dette garnet før men det er iallefall mjukt og godt, holdbarheten veit eg ingenting om....  Lua og sokkene er i samme farge som jakka sjølv om det ikkje ser slik ut her.Ha ei fortsatt fin veke:))

søndag 9. juni 2013

Kjoler



Hei. Her kjem kjoler som eg har hekla/sydd til dei tre minste i familien + kjole til dukkene. Det er berre ein dukkekjole som er med her men ein er gitt vekk allerede og den tredje er ikkje ferdig:) Ser det vart ikkje så fine farger på den gule, den er meir klar gul i virkeligheten.Mønster frå Dale hefte 277 og har brukt stoff og garn som har  lagt ei stund...ganske lenge sånn ca 25 år , så det var på tide å få brukt dei:)) Fortsatt god søndagskveld til deke!!