lørdag 21. april 2012

Jakke

Endelig ei oppdatering her på bloggen min, jakken har vore ferdig ei stund men har mangla knapper. Jakka er strikka etter mønsteret Kajas jakke frå Randi K.design . Eg har brukt garnet Duo frå sandnes og jakka er i str 2-3år. Eg likte dette mønstert med ein gang eg såg det og vart fornøyd med resultatet, har ikkje bestemt kven som skal få jakka enno så den vert lagt litt på vent.. Eit gøyt og greit arbeid, kjekt med litt blanding av hekl og strikk. Etter nokre dager med sol så har vi fått regnvær igjen men ser at det er meldt finare i morgon.... gleder meg til det:) Ha ein fin laurdagskveld!

onsdag 11. april 2012

Goomba lue

Hei og vel overstått påske! Ja no er påsken over for denne gang og den gjekk så altfor fort, har hatt ein fin påske med besøk av barnebarn og masse kos med dei:) Så har eg strikka ei goomba lue til Hermanngutten etter oppskrift som eg fann på denne bloggen og sjølve broderiet fann eg her . Har strikka den i drops merino extra fine. Elles så er det full fart med jobbing og andre vanlige gjermål som til dømes strikking.... Ynskjer alle som titter innom ein fin kveld:))

mandag 2. april 2012

Litt småstrikk

No har eg brukt litt restegarn og strikka votter i garnet som var igjen etter luene eg strikka til to småttiser for litt sidan. Snø ute i dag så det kan fortsatt vera bruk for votter....
Og så to par med tøfler igjen, same sort som i forrige innlegg, ser ikkje vekk frå at det vert enda fleire slike par. Så vil eg ynskje alle som titter innom ei riktig så fin Påskehelg:))