fredag 30. januar 2009

Russesokker

Hei det går i labbestrikk no for tida, har strikka russesokker i to varianter. Dei blå og kvite er strikka i pt5 og dei raude og kvite i silja. Labbane har ikkje fått eigar enno, men det er alltid godt å ho nokre labber på lur. Det er så fint vær i dag så då passa det fint å ta bilde ute:-)
Elles set eg no å drikk kaffi og moter meg opp til arbeidshelg, eg jobber i helsevesenet med arbeid kvar tredje helg. Alltid litt ork å tenkja på det, men det går greit når ein først kjem seg på jobb :)  
Så har eg fått adward frå strikk-eos, satte pris på den men er ikkje så veldig flink med data så eg må vente til eg kan få hjelp til å legge den inn:)

søndag 25. januar 2009

Tøfler

Har strikka tøfler i navia garn til min datter, er ikkje heilt fornøyd med resultatet dei vart litt "vide".Men no når ho går høygravid og har masse vatn i beina passa dei fint:)






Blueberry Waffle Socks

Det var på IBells strikkeblogg eg såg slike sokker og fekk lyst til å lage slike eg og. Så no har eg herma og laga nesten make, dvs eg har strikka slik hæl og tå som eg pleier. Dei er strikka i PT5 på pinne nr 3.5, er fornøyd med resultatet:)

fredag 23. januar 2009

Nøstebarnteppe

Jippi!! Endelig ferdig med teppet .Det har tatt lang tid, synest det var eit tregt strikketøy.Har hatt ein del prosjekt sidan eg begynte på dette. Men no er eg ferdig og resultatet vart ikkje så verst.
Ja det er samme teppet eg har hatt innlegg om før, men då hadde eg nett begynt.

Her er eit par labber som eg har strikka til småtten, dei er strikka i regia sokkegarn. (Han er ikkje komen enno.)


Pulsvarmer

Pulsvarmere strikket i tynn alpakka fra du store alpakkka, mønster er henta fra drops. Har selvfølgelig strikka to. Desse er strikka på bestilling:)


Adward og utfordring


Eg har fått adward og utfordring av Tino, TUSEN TAKK!

Utfordringen var å svare på desse fire spørsmåla:

4 FAVORITTPROGRAM PÅ TV: Nytt på nytt, Hjarta på rette staden, Himmelblå,Mesternes mester.
4 TING JEG GJORDE I GÅR: Strikket, var på jobb, ryddet og surfet på nettet.
4 TING JEG SER FREM TIL: Sommerferie og reise, bygge hus,og begynne på vevkurs.
4 FAVORITTRESTAURANTER: Wok, Holbergstuen, Mamathai og Kinarestaurant.
4 TING PÅ ØNSKELISTA: Speilreflekskamera, bibilotek,tur til svalbard og fjelltur.

Vil gje adwarden og utfordringa videre til :ihk-design , Strikke-eos , Stines hobbyblogg og Marihønas lille verden.

Adward


Har fått ein adward og ein klem frå Tino,TUSEN TAKK!!
Eg er jo heilt fersk i "gamet" så synest det er litt stas å få slikt, det er min første adward.

lørdag 17. januar 2009

Trinelua

Der var det blitt eit sett med hals og lue,gleder meg til å få prøvd det ute i kulden.




Har strikka Trinelua i samme garn og farge som thermisen, lua er strikka etter mønster som
http://tinoshobbykrok.blogspot.com/ har vore så snill å dele med oss!
No er bursdagsgaven til min søster ferdig må berre kjøpe litt konfekt og så pakke det fint inn, da er eg klar til å gå i besøk!

torsdag 15. januar 2009

Thermis

Ja no har eg og kastet meg på thermis bølgen som herjer rundt her i bloggverden. Denne er strikket i lerke og den er til meg sjølv!!Har ein til på pinnene som skal vere bursdagsgave til min søster.

tirsdag 13. januar 2009

Flettejakke

Jakke strikket i smart, mønster fra sandnesgarn sitt hefte nr 0709. Den skulle egentlig vere julegave men greide ikkje å få den ferdig i tide. Men nå er jakken ferdig og overlevert. Her ser de mottakeren, ho ser ganske fornøyd ut men hadde ikkje så god tid til å bli fotografert.

Men mormor fekk no lurt seg til eit bilde likevel.






søndag 11. januar 2009

Hentesett!

Og vips så er hentesettet ferdig!! Så no er det berre å vente på at småtten skal komme, termin 24 januar så no venter vi i spenning.
No er lua på plass og, den er strikket i tynn alpakka fra du store alpakka mønsteret er fra samme bok som jakken.

Mykeste myke babyjakke ferdig,strikket i kasjmirgarn .Mønsteret er fra boka Myk start. Den har vore ferdig eit par dager men hadde litt problem med å få tak i knapper, pluss at eg har hatt arbeidshelg.


fredag 9. januar 2009

Januarsokker

No er pi sokkane mine ferdig, strikka i silja.Det vart eit par barnelabber denne gangen men dei er ikkje så små som dei ser ut til her.Dei er vel ca str 27/28, synest dei ser så små ut på bilde.Eg synest det var eit kjekt mønster å strikke!

lørdag 3. januar 2009

Lommetøfler

Et par lommetøfler, kjekt og raskt strikketøy.Strikket i smart, det er mitt eldste barnebarn på 10 år som er fotmodell. Og det er hennes føtter dei skal varme!

fredag 2. januar 2009

Babybukse

No er buksa til lillegutt ferdig,den er strikka i kamgarn fra hifa. Mønsteret er henta fra boka myk start av May B. Langhelle.Holder på med jakke som skal passe til, må jo snart få hentesettet ferdig no når tida nærmer seg. Bilde av jakke/ferdig hentesett kjem seinare.

Må jo og få nytta anledningen og ynskje alle som er innom eit riktig Godt Nyttår!!!