onsdag 25. august 2010

Fleire sokker

Her fortsetter labbestrikkinga. Har strikka eit par heilt vanlige labber i ca str 24 , dei skal iallefall passe til ein som vert 2 år om nokre mnd. Dei er strikka i Baby ull, restegarn etter genser og bukse eg laga til han sist vinter.
Så eit par snurrig sokker igjen, denne gangen i voksen str. og strikka i Perfect garn på pinne 3,5. Heldt på med ein bolero til meg sjølv men gjekk tom for garn når det var 3 omg igjen, veldig irriterande men ikkje anna å gjere enn å kjøpe meir:)) I dag er det trist og grått haustvær ute så da er det fint strikkevær inne!! Ha ein fin dag:))

lørdag 21. august 2010

Småsokker

Ja no står hausten og vinteren snart for døra og det er på tide å tenke på litt varmt å ha på beina. Så bestemor er i gang med labber til barnebarna,eg har jo 4 snart 5 barnebarn å strikke til så det er best å la pinnane gå...
Dei minste er strikka i Dale babyull på pinne nr 3 og etter mønster frå boka Myk start, har strikka nokre slike par før og dei virker til å ha god fasong som heldt godt på foten.
Dei lilla ( ja dei er lilla i virkeligheten) er strikka i Viking sportsragg på pinne 3,5 og eg har brukt mønsteret på epletreets snurrige sokker, men har forminska mønsteret. I dag har eg brukt formiddagen til å lade opp til jobb, har arbeidshelg så skal snart avgårde. Elles så har eg litt forskjellig arbeid på gang men synest liksom ikkje det er så lett å bli ferdig.. Finn helie tida noko nytt eg vil lage, det er vel kansje noko som fleire kjenner seg igjen i?? Men no har eg iallefall fått festa trådene på desse to labbepara så dei er ferdige:) Ynskjer alle sammen ei riktig så fin og god helg!!

søndag 15. august 2010

Pixielue

Her er ei Pixielue med hals, mønsteret fann eg på Trudes blogg. Har strikka den i eit ullgarn med dobbel tråd og brukt pinne nr 3,5, er ikkje sikker på kva garnet heiter for magebeltet mangla.
Synest lua vart fin på veslguten men han var ikkje så begeistra sjølv, kansje fordi det var varmt og fint vær... Får håpe han liker den betre når kulden kjem:) Og så eit par små russesokker, dei er strikka i silja og er til samme gutten, dei trur eg iallefall han vil bruke.
I dag har vi hatt eit nydelig vær her på vestlandet, det har virkelig vore sommer:) Vi har vore i Norheimsund og plukka bringebær så no har eg rørt masse godt syltetøy.Elles så har eg hatt problem med å få laste inn bilder på dataen men no ser det ut til å ha ordna seg.... Og no er ferien over for denne gang, i morgon er det på an igjen! Det har vore deilig å ha så lenge fri men kansje det ikkje vert så verst å komme på jobb igjen heller.... Har hatt ein ekstra ferietur denne veka, tok med meg eit barnebarn og kjørte ein tur til Trysil, vi hadde det kjempekoselig!! Så eg har ikkje vore så mykje på nett den siste tida, ikkje så veldig mykje strikking heller men no er ein vel tilbake til normalen. God veke til alle saman:))

torsdag 5. august 2010

Strikketøymappe

Eg var så heldig å vinne vinne i Torunns hobbyblogg sitt lotteri , ei kjempefin strikketøymappe med tilhørende strikkepinne etui. Det var ein flott og praktisk premie, noko eg virkelig hadde bruk for!! Så Tusen, tusen takk Torunn, du lager så flotte ting! Ho selger slike mapper + forskjellig anna fint i Epla butikken sin.
Så har eg starta årets vinter produksjon av russesokker, har strikka eit "hav" av slike par før og det kjem sikkert til å bli mange fleire. Desse skal eg gi vekk i bursdagsgave, ellers så har eg solgt mange slike par og, viss nokon er interessert kan eg strikke slike på bestilling:) Dette paret er i herre str. og er strikka i silja og pt5, synest dei vert passe tjukke då. Ha ein fin torsdag:))

tirsdag 3. august 2010

Traveling woman

Traveling woman sjalet er eit resultat av nokre timers bilkjøring i sommerferien, kansje litt meir enn nokre for eg har ikkje tatt tida. Men det var kjekt å strikke og det gjekk ganske fort, greit å vere passasjer å få masse strikketid:)) Sjalet er strikka i Arwetta garn på pinne nr4,5 , har ikkje prøvd arwetta før, eg likte iallefall godt å strikke med det og det er mjukt og godt!!
Trur sjalet skal vere ein bursdagsgave utpå hausten eingang så det vert lagt vekk på vent, godt å vere tidleg ute for ein gangs skuld!! Eg synest det er litt vanskelig å få tatt fine bilder spesielt av sjal, men får no berre vere fornøyd med det eg har fått til her. Elles så nyt eg ferien i fulle drag, trass i at finveret mangler.. Fortsatt fin veke til alle sammen:=))

søndag 1. august 2010

Olive genser

Har strikka meg Olive genser, mønster og garn frå Isager. Garnet er Isager 50% alpaca 0g 50%ull. Genseren er strikka ovenfrå og ned, kjekt arbeid om enn litt kjedelig ....
Genseren har vore ferdig ei stund men den har blitt liggjande,og no har eg vore på ferie ei veke. Kjekt å vere vekke ei stund og då er det godt å komma heim igjen...Har strikka ein del i ferien, det er ferdig men ikkje festa tråder og slikt men då vert det ikkje så lenge til neste innlegg. Har to veker ferie igjen og det er herlig!! Kansje eg tar meg ein tur på egenhånd siste veka ,får sjå litt korleis veret er framover. Kos deke videre i" sommerveret":))